Dei nye kapellanane

Arrangementsinformasjon

Trygve Åslund, Ragnar Hovland og Jørn Mortensen spelar og syng.

Dei nye kapellanane, band der forfattaren Ragnar Hovland er frontfigur.
Kapellanane spelar populærmusikk på nynorsk under mottoet «rock & roll med eit menneskeleg andlet».
Gruppa starta som husband i nynorskforlaget Det Norske Samlaget i 1992. Namnet har dei frå Hans E. Kinck si novelle «Den nye kapellanen» (1897).  Karakteristisk for Dei nye kapellanane sin musikalske profil er den humoristiske koplinga mellom nynorsktradisjon og moderne rocke- og populærmusikk.
Jan H. Landro dreg i trådar og syr i saman 

 Her er dei i Kinck-løa under Kinck-dagane 2015